tirsdag 19. august 2008

Landbrukshalvtimen

Sømjo Gadland frå Sunnvodl krins vart i ekstraordinært kommunestyremøte vald til representant for Suldal då Landbrukshalvtimen i NRK-radio ville gjera ein intervju med ein gardbrukar frå Suldal. No skal det seiast at ikkje redaksjonen i Landbrukshalvtimen nok ikkje heilt hadde gjort heimeleksa si...

Sømjo ringjer Opplysningen

Ein står der på bøen. Har gjort alt klart. Funne fram ljåen. Funne fram kåteholkjen. Funne fram kvattsteidn. Hatt vatn i kåteholkjen. Så dagar det for ein: Ka i adle da'r slags si'a va de' ljåen sko slipast på...?

søndag 17. august 2008

Olga og Sømjo

Før dei reiv det gamle samlingshuset på Sunnvodl, fann dei ein filmrull i frå 1907. Her får eit glimt frå livet til Olga Nystøl og Sømjo Gadland.

Lars Rydl fortel skrøner til pleiar på gamleheimen

Lars Rydl, ein krokute bonde frå Ufsaskaret, er no hamna på gamleheimen. Kjekt er det når den unge sommarvikaren Linda kjem innom for ein prat. I dag har ho med opptakar. Då er ikkje Lars vanskeleg å be...

På dampskipskaien

Sømjo kjem i tale med Berta nede på dampskipskaien. Så kjem det fram at Peder på Bøen skal setja opp ny løa. Dei skal visst ha småruter - eller er det småstuter...?

Kvigedn e lause

Sømjo får ein telefon frå ein uroleg sambygding. Det viser seg at kvigedn til Sømjo er lause og spring nedover bøen mot kyrkjegarden. Telefonlina er ikkje heilt god...

Sømjo tingar bok

Sømjo er i beit for julegåve til Olga. Kva skal han finna på? I rein desperasjon ringjer han Cappelen bokhandel og vil tinga ei bok. Det viser seg meir vanskeleg enn han hadde trudd...